Løyper

Løypenettet er variert og kan vera krevjande for nokon. Dei blå løypene er trenings- og konkurranseløyper, men kan også brukast av alle andre. Dei grøne løypene har mindre stigning enn dei blå. Til dei som skal gå ein roleg tur med barn, pulk eller stor sekk, tilrår me å parkera på Herresleitet. Her er det stor romsleg parkering og greitt å koma seg tett på skogen og dei fine løypene. Det er også det enklaste utgangspunktet for dei som har tenkt seg mot Grønahorgi.

 

loypekart 2020