Vegbeskrivelse

Ved stadion er det ca 100 parkeringsplassar ved arenahuset. Ved garasjen er det ca 400 parkeringsplassar.

  • 9 kilometer frå Voss sentrum
  • Hovudtilkomsten er via Palmafossen, Skutle.
  • Alternativ veg er via Bordalen (1 kilometer lengre og dårlegare veg)
  • Frå Skutle og Gjelland er vegen privat.
  • Parkeringsavgift, sjå framsia for prisar.

voss ski

Voss ski- og tursenter rår til å nytta vegen over Palmafossen, Skutle. Sjå raud markering på kartet. Frå Skutle er vegen privat. Dette er ein grusveg. Vegen er bygd i samarbeid med grunneigarane og Voss ski- og tursenter. Parkeringsavgifta vert brukt til å dekka kostnadane på vedlikehald og brøyting. I 2011/2012-sesongen er parkeringsinntektene på ca 400.000,- Kostnadene til brøyting og vedlikehald er ca 500.000,- Det inneber at inntektene ikkje dekkar kostnadane. Det er 5 idrettslag som eig Voss ski- og tursenter. Desse laga jobbar dugnad for å dekka underskotet. Vi oppfordrar difor til ei positiv holdning til parkeringsavgifta.

Ved stadion er det ca 100 parkeringsplassar ved arenahuset. Ved garasjen er det ca 400 parkeringsplassar.

På Herresleitet er det ca 150 parkeringsplassar.

Ved store arrangement vert det i tillegg etablert parkeringsplass på Skutle. Kapasitet ca 1000 bilar.