Sommarski på vikafjell


SOMMARSKI PÅ VIKAFJELL

  • Vik skisenter/Vik aktiv står for preparering av løyper
  • ca 5 km skøyte- og klassiskløype
  • Preparerast til samlingar i mai og juni.
  • Vert køyrd fast laurdag og søndag i mai og juni frå kl 08.30
  • Løypene vert salta etter behov.
  • 40 km fra Voss ski- og tursenter
  • Kr 120,- per dag
  • kr 700,- per sesongkort

sommerski vikafjell vossVik Skisenter/Vik Aktiv har i fleire år preparert treningsløyper på Vikafjell. Forholda er normalt svært gode i mai og juni. Enkelte år er det også muleg å få gode skiforhold i juli. Løypene preparerast kvar laurdag og søndag i mai og juni frå kl 08.30. Løypene vert også preparerte etter avtale på vekedager i samband med samlingar. Dette gjev langrennsløparar og skiskyttarar eit unikt samlingstilbod. Samlingane kan leggjast til Vik skisenter eller Voss ski- og tursenter, og ein får optimale forhold for å kombinera barmark og skiturar.
Vikafjell ligg 1000 meter over havet mellom Voss og Vik, 40 kilometer fra Voss og 20 kilometer fra Vik. Info om Vik skisenter finner du her!