Treningssamling

Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terrengsyklistar. Arenahuset ligg i anlegget og syter for ei sosial ramme rundt effektive treningsøkter.

  • Rulleskiløype
  • Skiskyttarstadion
  • Orienteringskart
  • Sykkelstiar for terrengsykling
  • Sommarski på Vikafjell
  • Kjentmann på treningsøkter
  • Sommarski på Vikafjell i mai og juni
  • Inspirasjonsøkter med Joar Himle, Gisle Fenne, Kristen Skjeldal

Overnatting i arenahuset, 10 soverom med 44 sengeplassar

Vossabygda har mange ressurssterke trenarar. Kva med å engasjera Joar Himle eller Gisle Fenne på ei inspirasjonsøkt innan skyting, eller Kristen Skjeldal innan langrennsteknikk?

SOMMARSKI PÅ VIKAFJELL

  • Vik skisenter/Vik aktiv står for preparering av løyper
  • ca 5 km skøyte- og klassiskløype
  • Preparerast til samlingar i mai og juni.
  • Vert køyrd fast laurdag og søndag i mai og juni frå kl 08.30
  • Løypene vert salta etter behov.
  • 40 km fra Voss ski- og tursenter
  • Kr 120,- per dag
  • kr 700,- per sesongkort

sommerski vikafjell vossVik Skisenter/Vik Aktiv har i fleire år preparert treningsløyper på Vikafjell. Forholda er normalt svært gode i mai og juni. Enkelte år er det også muleg å få gode skiforhold i juli. Løypene preparerast kvar laurdag og søndag i mai og juni frå kl 08.30. Løypene vert også preparerte etter avtale på vekedager i samband med samlingar. Dette gjev langrennsløparar og skiskyttarar eit unikt samlingstilbod. Samlingane kan leggjast til Vik skisenter eller Voss ski- og tursenter, og ein får optimale forhold for å kombinera barmark og skiturar.
Vikafjell ligg 1000 meter over havet mellom Voss og Vik, 40 kilometer fra Voss og 20 kilometer fra Vik. Info om Vik skisenter finner du her!

BARMARKSSAMLINGAR

  • Rulleskiløype
  • Skytebane
  • Flotte barmarksforhold

barmark voss skiVoss er eit treningseldorado for langrennsløprarar og skiskyttarar. Med utgangspunkt i Voss ski- og tursenter har ein rulleskibane og løpeterreng rett utanfor døra. I tillegg har Voss mange fine asfaltvegar som eignar seg for rulleski, eit variert og flott terreng, og ikkje minst ei rekke teambuildingsaktivitetar ein kan krydra ei samling med.

 

 

 

 

 

SNØSAMLINGAR

  • 25 km preparerte løyper
  • 5 km lysløyper
  • Skiforhold frå november til april

ski voss

ORIENTERING

  • Nytt O-kart over Voss ski- og tursenter
  • Kart over Bømoen 6 km frå stadion
  • Kart over Tvildesåsen – 6 km frå stadion
  • Kart over  Bulko – 9 km frå stadion
  • Kart over Bulken – 15 km frå stadion

orientering vossVoss har mange orienteringkart. Nytt av året er at området rundt Voss ski- og tursenter har fått oppdatert kart. Dette gjer anlegget ideelt for samlingar. I 2012 skal 2 av løpa i Fjord-O arrangerast i Voss ski- og tursenter.