Skogsbua

Voss ski- og tursenter har glea av å ynskje alle velkomen til Skogsbua. Dette er ei gåve frå Skogskelskapet Bergen og Hordaland – og Voss Skoglag.

Skogsbua kan nyttast av alle, ålmenta, lag og organisasjonar.

Du finn Skogsbua på Per Ove’s plass like ovanfor stadion.

I vinterhalvåret, den tid det ikkje er forbode å gjera opp ild i utmark, så vil me plassera ei bålpanne som alle kan nytta. Her kan ein grilla, koka kaffi mm. Det er lagt ut tørr ved som kan nyttast.

Det er satt opp mange naturstiplakatar inne i Skogsbua om vanlege norske treslag og info om skogbruket i Hordaland.