Skiskyttarstadion ligg i arenaen i Voss ski- og tursenter. Skytebanen er skoten inn i fjellet og ligg verna for vind og ver. Bak skivene ligg Fennehaugen. Her er det god plass til trenarar, leiarar og publikum. Frå Fennehaugen har ein også orkesterplass til start- og målområdet.