Åpningstid i dag: 08:00 - 22:30

Treningssamling

Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terre

Les meir om Treningssamling

Overnatting

Med 44 sengeplassar fordelt på 10 soverom er arenahuset i Voss Ski- og tursenter veleigna til overnatting på treningssamlingar og til sosiale lag.

Les meir om Overnatting

Løyper og anlegg

Løypene ligg idyllisk til i skogsterreng som gjer at dei er verna mot ver og vind. Anlegget er ein perfekt startstad for både familiar og trimma

Les meir om Løyper og anlegg

Føremelding

28 februar 2017

Løypene er nypreparerte og det er kjempe fint skiføre!

God skitur!   For å fylgja tråkkemaskina live, trykk på "se prepareringsvarsel".    
28 februar

I dag fungerar skintec og røbbeski best.
Slik røbbar du skia:
Skrap vekk all smurning og vask skia med skirens. Ta sandpapir 80 rundt ein smørekork og puss 45 grader mot lengderetninga på skia. Begge vegar slik at det vert eit kryssmønster i festesona.
God skitur!
(Puss i lengderetning med finare sandpapir 120 neste gong du skal smøra festevoks).

  • 2 grader
  • Lettskya

Det skjer på arenaen

Mar
3
Fri
2017
Karusellrenn Bjørgum
Mar 3@17:00-19:00

Bjørgum IL arrangerar karusellrenn i friteknikk. Oppmøte ved kongehytta.

Påmelding frå kl.17.40. Start kl.18.00.

Påmelding kr.50,-. Maks kr.100,- per familie.

Saft og premie til alle.

Velkomen!

Mar
5
Sun
2017
Herresåsen rundt
Mar 5@09:00-18:00

IL Vargar arrangerar turlangrenn Herresåsen rundt. Stilart: klassisk

Mar
8
Wed
2017
Karusellrenn Vargar
Mar 8@17:30-18:30

Vargar arrangerar karusellrenn på stadion. Det er skicross/skileik.

Påmelding, kr.50,-, innan 17.30. Start kl. 18.00.

Saft og premie til alle.

Alle er velkomne!

Mar
15
Wed
2017
Karusellrenn Vargar
Mar 15@17:30-18:30

Vargar arrangerar karusellrenn på stadion. Stilart; skileik.

Påmelding før kl.14.30.

Startkontingent kr.50,-

Alle velkomne!

Treningssamling

Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terrengsyklistar. Arenahuset ligg i anlegget og syter for ei sosial ramme rundt effektive treningsøkter.


Snøsamlingar

  • 25 km preparerte løyper

  • 5 km lysløyper

  • Skiforhold frå november til april





Barmarkssamlingar

  • Rulleskiløype

  • Skytebane

  • Flotte barmarksforhold





Sommarski på Vikafjell

  • Vik skisenterstår for preparering av løyper

  • Ca 5 km skøyte- og klassiskløype

  • Preparerast til samlingar i mai og juni.

  • Vert køyrd fast laurdag og søndag i mai og juni frå kl 08.30

  • Løypene vert salta etter behov.

  • 40 km fra Voss ski- og tursenter





Orientering

  • Nytt O-kart over Voss ski- og tursenter

  • Kart over Bømoen 6 km frå stadion

  • Kart over Tvildesåsen - 6 km frå stadion

  • Kart over Bulko - 9 km frå stadion

  • Kart over Bulken - 15 km frå stadion


Les meir om treningssamling

Overnatting

Voss ski- og tursenter er eit perfekt utgangspunkt for treningssamlingar for langrennsløparar, skiskyttarar, orienteringsløparar og terrengsyklistar. Arenahuset ligg i anlegget og syter for ei sosial ramme rundt effektive treningsøkter.


Arenahus

  • Kafe, kapasitet 100 personar

  • Storkjøkken tilknytta kafe

  • 10 soverom med 2-5 sengeplassar

  • 1 soverom for rørslehemma

  • Toalett for herre, dame og rørslehemma

  • Garderobe for dame og herre med 3 dusjar i kvar

  • Møterom

  • Aktivitetsrom med spel

  • 3 TV med NRK

  • Trådlaus internett-sone





Kongehytta

  • 50 kvm i 3 etasjar

  • Toalett som står ope til bruk for alle turgåarar

  • Lager

  • Tidtakarrom

  • Kongerom

  • Speaker





Skogsbua



Les meir om overnatting